Visdom og gudsfrykt
1 Gløym ikkje det ¬eg har lært deg, son min,
ta vare på mine bod i ditt hjarta!
2 For dei gjev deg ¬mange dagar og år
og gjer di lukke større.
3 Lat aldri godleik ¬og truskap fara,
men bind dei om din hals,
og skriv dei på di hjartetavle!
4 Då får Gud og menneske ¬godvilje for deg
og held deg for ein vitug mann.
5 Lit på Herren ¬av heile ditt hjarta,
og set ikkje lit til ditt vit!
6 Tenk på han ¬kvar du ferdast,
så gjer han dine stigar jamne.
7 Ver ikkje klok i eigne augo,
ha age for Herren,
og hald deg frå det ¬som er vondt!
8 Det vert til helsebot ¬for kroppen
og gjev deg kraft ¬i merg og bein.
9 Æra Herren med det du eig,
med fyrstegrøda ¬av all di avling.
10 Då vert di matbu rikeleg fylt,
og druesafta renn over ¬i kummane dine.
11 Son min, ¬vanvørd ikkje Herrens tukt,
miss ikkje motet når han refser!
12 For Herren tuktar ¬den han elskar,
som ein far refser ¬den son han har kjær.
Sæl er den som finn visdom
13 Sæl er den som finn visdom,
det menneske ¬som vinn godt skjøn.
14 Det er betre ¬å få seg visdom enn sølv,
den vinning han gjev, ¬er større enn gull.
15 Dyrare er han enn perler,
av alle dine skattar ¬er ingen som den.
16 I si høgre hand ¬har han langt liv,
i si venstre rikdom og ære.
17 På visdoms vegar ¬er det ein hugnad å fara,
alle hans stigar fører til fred.
18 Han er eit livsens tre ¬for alle som grip han,
sæle er dei ¬som held fast på han.
19 Herren grunnla jorda ¬med visdom
og reiste himmelen med skjøn.
20 Med kunnskap lét han vatnet ¬i havdjupet fossa fram
og dogga drypa frå skyene.
21 Ta vare på klokskap ¬og omtanke,
og slepp dei ikkje or syne, son!
22 Då skal dei vera til liv for deg,
ei fager kjede om halsen din.
23 Då kan du vandra trygt ¬på din veg
og ikkje støyta foten mot noko.
24 Du er ikkje redd ¬når du går til ro,
når du har lagt deg, ¬søv du så godt.
25 Du treng ikkje reddast ¬for støkk,
for stormen som kjem ¬over dei vonde.
26 For du kan setja di lit ¬til Herren,
han vaktar din fot ¬så du ikkje går i snara.
Gjer vel mot din neste!
27 Gjer vel mot dei som treng det,
nekta ikkje å hjelpa ¬når det står i di makt!
28 Sei ikkje til din neste: ¬«Gå din veg,
og kom att i morgon, ¬så skal du få!»
– så sant du har noko ¬å gje han no.
29 Legg ikkje vonde planar ¬mot din neste
som bur hjå deg ¬og kjenner seg trygg.
30 Tretta ikkje med ein mann ¬utan grunn,
når han ikkje har gjort deg ¬noko vondt.
31 Misunn ikkje den ¬som brukar vald,
vel ikkje å fylgja i hans fotefar!
32 Den som fer vilt, ¬er ein styggedom for Herren,
men med dei ærlege ¬har han samfunn.
33 Herren forbannar ¬huset åt dei gudlause,
men heimen åt dei rettferdige ¬velsignar han.
34 Spottarar svarar han ¬med spott,
men dei audmjuke ¬gjev han nåde.
35 Vise menn vinn ære,
men dårar får stor skam.