Kong Lemuels ord
1 Ord av Lemuel, konge i Massa, ord som mor hans hadde prenta inn i han.
2 Kva skal eg seia deg, ¬min kjære son,
du son som eg fekk ¬– eit svar på bøn?
3 Gjev ikkje di kraft til kvinner,
ditt liv til dei ¬som tyner kongar.
4 Det sømer seg ikkje ¬for kongar, Lemuel,
det sømer seg ikkje ¬for kongar å drikka vin
eller for fyrstar å nyta rusdrikk.
5 For då gløymer dei lov ¬og vedtekt
og rengjer retten ¬for kvar arming.
6 Gjev heller rusdrikk til den
som held på å gå til grunne,
og vin til den som er sorgtyngd.
7 Lat han drikka, ¬så han gløymer si armod
og ikkje minnest si møde meir.
8 Lat opp din munn ¬for den som er mållaus,
tal saka for dei ¬som held på å gå til grunne.
9 Lat opp din munn ¬og døm rettferdig,
hjelp armingar og fattigfolk ¬til deira rett!
Den gode kona
10 Den gode kona, ¬kven finn vel henne?
Meir er ho verd enn perler.
11 Mannen set all si lit til henne,
og det skortar ikkje ¬på vinning.
12 Ho gjer berre godt imot han,
og inkje vondt, ¬så lenge ho lever.
13 Ho syter for ull og lin,
hennar hender arbeider ¬med liv og lyst.
14 Ho er som ein kjøpmanns skip,
langt bortanfrå hentar ho mat.
15 Før det ljosnar av dag, ¬er ho oppe,
gjev huslyden mat, ¬set jentene i arbeid.
16 Vil ho ha ein åker, ¬får ho tak i han;
ho plantar ein vingard ¬for det ho har tent.
17 Styrke er beltet ho har ¬om livet,
i armane legg ho kraft.
18 Ho merkar at arbeidet lukkast,
hennar lampe ¬sloknar ikkje om natta.
19 Ho legg hendene på rokken,
og fingrane grip om teinen.
20 Ho opnar handa ¬for dei som lid naud,
retter armane ut til fattigfolk.
21 Kjem det snø, ¬er ho ikkje redd for huset,
for heile hennar hus ¬er dobbelt kledt.
22 Teppe lagar ho sjølv,
ho har klede av lin ¬og purpurfarga ull.
23 Hennar mann er kjend ¬der folket samlast,
han sit i lag ¬med dei eldste i landet.
24 Ho lagar skjorter som ho sel,
og sender belte ¬til kjøpmannen.
25 Kraft og vørdnad ¬er hennar klednad,
og ho ler mot komande dagar.
26 Ho talar klokt ¬når ho opnar munnen,
og venleg rettleiing ¬har ho på tunga.
27 Ho ser etter ¬korleis det går i huset,
og et ikkje brød ¬ho har vunne i latskap.
28 Hennar søner stig fram ¬og prisar henne sæl,
og mannen gjev henne ros:
29 «Det finst mange ¬dugande kvinner,
men du går over dei alle.»
30 Ynde sviktar, og venleik forgår,
ei kvinne som har age ¬for Herren, skal prisast.
31 Lat henne nyta frukta ¬av sitt arbeid;
der menneske møtest,
får ho ros for sine gjerningar.