Hald deg unna annan manns kone!
1 Son min, gjev akt på ¬min visdom,
vend øyra til mitt skjøn!
2 Så kan du ta vare på gode råd
og vakta på kunnskapen ¬når du talar.
3 Framand kvinne ¬har honning på lippa,
sleipare enn olje ¬er hennar tunge.
4 Men til sist er ho beisk ¬som malurt
og kvass ¬som eit tvieggja sverd.
5 Hennar fotsteg fører til døden,
til dødsriket går hennar fet.
6 Ho aktar ikkje på livsens stig,
ho vinglar vegvill, ¬men merkar det ikkje.
7 Så høyr på meg, mine born,
vik ikkje av frå dei ord eg talar!
8 Hald deg unna ¬annan manns kone,
kom ikkje nær hennar dør!
9 Elles må du gje ¬din ungdoms kraft til andre,
dine beste år ¬til ein nådelaus herre.
10 Framande får metta seg ¬av det du eig,
det du vann med ditt strev, ¬går til annan manns hus.
11 Så må du stynja i di ¬siste stund,
når kroppen og holdet ¬tærest bort,
12 og seia: ¬«Korleis kunne eg hata tukt
og ikkje bry meg om refsing!
13 Eg høyrde ikkje ¬på dei som rettleidde meg,
og lydde ikkje ¬på dei som lærte meg.
14 Det hadde nær gått ille ¬med meg
då folket var samla til ting.»
15 Drikk or din eigen brunn,
rennande vatn ¬or di eiga kjelde!
16 Lat ikkje kjeldene dine ¬renna ut på gata,
bekkene dine strøyma ¬på torg og plassar!
17 Du skal ha dei heilt ¬for deg sjølv
og ikkje dela dei med andre.
18 Då skal kjelda di vera velsigna.
Gled deg over ¬din ungdoms kone,
19 den elskelege hind, ¬den yndefulle gasell!
Fryd deg støtt ¬ved hennar barm,
lat alltid hennar kjærleik ¬gjera deg ør!
20 Son min!
Kvifor skal annan manns kone ¬få gjera deg ør,
kvifor ta framand kvinne ¬i famn?
21 Herren ser kvar mannen går,
gjev akt på alle hans stigar.
22 Den gudlause vert fanga ¬av sin eigen udåd,
syndene held han fast ¬som snarer.
23 Han må døy ¬fordi han ikkje får tukt,
i sin store dårskap ¬går han til grunne.