Ordtaka 8

Visdomen kallar

1 Høyr, korleis visdomsmøya ¬ropar,

og vitet lyfter si røyst!

2 Ho står på bakketoppane ¬ved vegen,

nett der stigane møtest.

3 Attmed portane ¬som fører inn i byen,

attmed inngangen til portane ¬ropar ho høgt:

4 Eg ropar til dykk, godt folk,

til menneska lyder mi røyst.

5 Lær dykk klokskap, ¬de urøynde,

få vit, de dårar!

6 Høyr! Viktige ting ¬vil eg tala om,

frå munnen min ¬kjem rettvise ord.

7 Mi tunge talar sanning,

og lippene styggjest ¬ved det som er vondt.

8 Kvart ord frå min munn ¬er rett,

det er ingenting vondt ¬eller vrangt i dei.

9 Dei er endeframme ¬for den vituge,

lette å skjøna ¬for den som har kunnskap.

10 Ta imot mi åtvaring ¬heller enn sølv,

den kunnskap eg gjev, ¬framfor utvalt gull.

11 For visdom er betre enn perler,

av alle skattar er ingen ¬som den.

Visdoms frukt

12 Eg, visdomen, ¬har klokskap til granne,

eg har kunnskap ¬og gjev gode råd.

13 Age for Herren ¬er å hata det vonde.

Eg hatar hovmod og storlæte,

stygg åtferd og svikefull tale.

14 Eg gjev råd og hjelp ¬som fører til framgang,

eg har vit og styrke.

15 Ved meg kan kongar råda

og fyrstar fastsetja ¬kva som er rett.

16 Ved meg kan stormenn styra

og alle hovdingar ¬døma rettferdig.

17 Eg elskar dei som elskar meg,

og dei som leitar etter meg, ¬finn meg.

18 Hjå meg er rikdom og ære,

gamalt arvegods ¬og rettkomen vinning.

19 Mi frukt er betre ¬enn det finaste gull,

mi vinning betre ¬enn utvalt sølv.

20 Eg går på rettferds veg,

held meg midt på ¬dei rette stigar.

21 Så gjev eg rikdom ¬til dei som elskar meg,

og fyller deira forrådsrom.

Opphavet til visdom

22 Herren skapte meg fyrst av alt,

eg var hans fyrste verk ¬i fordoms tid.

23 I opphavet vart eg forma,

i fyrstninga, før jorda vart til.

24 Før havdjupet var der, ¬vart eg fødd,

før kjeldene fyltest med vatn.

25 Før fjella vart sette på plass,

før alle haugar vart eg fødd,

26 før Herren hadde skapt ¬jord og marker

og den fyrste mold på jorda.

27 Eg var der ¬då han reiste himmelen

og spente kvelven over djupet,

28 då han samla skyene der oppe

og lét kjeldene i havdjupet ¬strøyma sterkt.

29 Då han sette grense for havet,

så vatnet stansa der han baud,

og han la grunnvoll ¬under jorda,

30 då var eg bygningsmann ¬hjå han.

Eg var til glede for han ¬dag etter dag

og leika meg støtt ¬for hans åsyn.

31 Eg leika på heile hans vide jord

og hadde min hugnad ¬i menneskeborna.

32 Så høyr no på meg, mine born!

Sæle er dei ¬som fylgjer mine vegar.

33 Høyr på mi formaning,

og slå ikkje vrak på den!

Så vert de vise.

34 Sæl er den som høyrer på meg,

som dagleg vaker ¬ved mine dører

og held vakt ved mine portar.

35 For den som finn meg, ¬finn livet

og får nåde hjå Herren.

36 Men den som ikkje finn meg, ¬skader seg sjølv;

alle som hatar meg, ¬elskar døden.