Visdom og dårskap bed inn til måltid
1 Visdomsmøya ¬har bygt seg hus
og hogge til sine sju søyler.
2 Ho har slakta fe,
blanda vin og duka bordet.
3 Ho har sendt ut sine jenter
og ropar oppe ¬frå byens høgder:
4 «Hit kan den urøynde ¬venda seg.»
Og til den tankelause seier ho:
5 «Kom og et av min mat
og drikk av den vin ¬eg har blanda.
6 Lat tankeløysa fara, ¬så skal de leva,
gå fram på den vegen ¬vitet viser!»
7 Den som åtvarar ein spottar, ¬får skam,
den som refser ein gudlaus, ¬lid skade.
8 Refs ikkje spottaren, ¬for då vil han hata deg,
refs heller den vise, ¬så elskar han deg.
9 Lær den vise, ¬så vert han visare,
lær den rettferdige, ¬så aukar han sin kunnskap.
10 Age for Herren ¬er opphav til visdom,
å kjenna Den Heilage er vit.
11 Mange dagar vil eg gje deg,
og leveår får du i rikt mål.
12 Er du vis, så gagnar det deg;
spottar du, ¬må du lida for det sjølv.
13 Dårskapen er ¬ei vinglande kvinne,
lauslyndt og vitlaus er ho.
14 Ho sit utfor husdøra si,
på ein stol høgt oppe i byen.
15 Ho ropar til dei ¬som ferdast på vegen,
som går sine stigar beint fram:
16 «Hit kan den urøynde ¬venda seg.»
Og til den tankelause seier ho:
17 «Stole vatn smakar godt,
og herleg er maten ¬ein et i løynd.»
18 Men han skjønar ikkje ¬at der held daudingar til,
at dei som gjestar henne, ¬går til helheims djup.