Sakarja 1

Vend om til meg!

1 I den åttande månaden i det andre styringsåret åt Dareios kom Herrens ord til profeten Sakarja, son til Berekja, som var son til Iddo, og det lydde så:

2 Herren har vore storleg harm på fedrane dykkar.

3 Du skal tala til folket: Så seier Herren, Allhærs Gud: Vend om til meg, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud, så vil eg venda om til dykk, seier Herren, Allhærs Gud.

4 Ver ikkje lik fedrane dykkar som dei førre profetane forkynte for og sa: «Så seier Herren, Allhærs Gud: Vend om frå dykkar vonde ferd og dykkar vonde gjerningar!» Men dei høyrde ikkje og vørde meg ikkje, lyder ordet frå Herren.

5 Kvar er no fedrane dykkar? Og profetane, lever dei til evig tid?

6 Men mine ord og bod som eg baud tenarane mine, profetane, å forkynna, har ikkje dei råka fedrane dykkar? Så måtte dei venda om og seia: «Som Herren, Allhærs Gud, hadde sett seg føre å gjera med oss etter vår ferd og våre gjerningar, såleis har han gjort med oss.»

Ryttaren på den raude hesten

7 Den 24. dagen i den ellevte månaden – det er sjebat månad – i det andre styringsåret åt Dareios kom Herrens ord til profeten Sakarja, son til Berekja, som var son til Iddo. Han sa:

8 Eg hadde eit syn i natt. Eg såg ein mann som reid på ein raud hest. Han stogga mellom myrtetrea i dalbotnen, og attanfor han stod raude, raudbrune og kvite hestar.

9 Eg spurde: «Kva tyder dette, herre?» Engelen som tala med meg, svara: «Eg skal syna deg kva det tyder.»

10 Så sa mannen som stod mellom myrtetrea: «Det er dei som Herren har sendt ut så dei skal fara ikring på jorda.»

11 Dei sa til Herrens engel, som stod mellom myrtetrea: «Vi har fare ikring på jorda, og heile jorda er roleg og still.»

12 Då tok Herrens engel til ords og sa: «Herre, Allhærs Gud, kor lenge vil du drya før du gjer miskunn mot Jerusalem og byane i Juda som du har vore harm på i sytti år?»

13 Og Herren gav engelen som tala med meg, gode og trøystande ord til svar.

14 Og engelen som tala med meg, sa: Rop ut desse orda:

Så seier Herren, Allhærs Gud:

Eg er full av brennhug

for Jerusalem og Sion,

15 og stor er harmen min

mot dei trygge heidningfolka;

for då eg berre ¬var litegrann harm,

gjorde dei ulukka større.

16 Difor seier Herren:

Med miskunn kjem eg att ¬til Jerusalem.

Der skal huset mitt byggjast,

lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud,

og mælesnor skal strekkjast ¬over Jerusalem.

17 Rop ut på nytt og sei:

Så seier Herren, Allhærs Gud:

Atter ein gong skal ¬byane mine

fløyma over av det som godt er.

Atter skal Herren ¬ha medkjensle med Sion,

endå ein gong ¬velja ut Jerusalem.