Ljosestaken og vintrea
1 Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein mann vert vekt or svevnen.
2 Han spurde meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein ljosestake som er av gull heilt igjennom. På toppen har han ei oljeskål og sju lamper med sju røyrer til kvar av lampene, som sit øvst på han.
3 Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre for oljeskåla og eitt til venstre.»
4 Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva tyder dette, herre?»
5 Engelen som tala med meg, sa: «Veit du ikkje kva dette tyder?» Eg svara: «Nei, herre.»
6 Då tok han til ords og sa til meg:
Dette er Herrens ord ¬til Serubabel:
Ikkje med makt ¬og ikkje med kraft,
men med min Ande,
seier Herren, Allhærs Gud.
7 Kven er vel du, ¬du mektige fjell?
Framfor Serubabel ¬skal du verta ei slette.
Han skal føra fram ¬toppsteinen,
medan dei ropar:
«Nåde, nåde vere med han!»
8 Herrens ord kom til meg, ¬og det lydde så:
9 Serubabels hender ¬har tufta dette huset,
og hans hender ¬skal fullføra det.
Då skal du sanna
at Herren, Allhærs Gud, ¬har sendt meg til dykk.
10 Ja, alle som har vanvørdt
den dagen då det tok til ¬i det små,
skal gleda seg når dei får sjå
blyloddet i Serubabels hand.
– Dei sju, det er Herrens augo
som fer over heile jorda.
11 Då tok eg til ords og spurde han: «Men kva tyder dei to oliventrea som står til høgre og til venstre for ljosestaken?»
12 Atter tok eg til ords og spurde: «Kva tyder dei to olivengreinene attmed dei to gullrøyrene som leier den gylne oljen ned frå dei?»
13 Han sa til meg: «Veit du ikkje kva dei tyder?» «Nei, herre,» svara eg.
14 Då sa han: «Det er dei to som er salva med olje. Dei står framfor han som er herre over all jorda.»