Guds ord har makt
1 Eit domsord.
Herrens ord er i Hadrak-landet,
og i Damaskus slår det seg ned,
– for menneska vender augo ¬mot Herren
liksom alle Israels ætter –
2 ja, i Hamat òg ¬som grensar til det,
og i Tyrus og Sidon, ¬der dei er så vise.
3 Tyrus bygde seg ¬festningsverk,
hauga opp sølv som mold
og reint gull som avfall i gata.
4 Sjå, Herren vil ta byen
og styrta festningsverka ¬i havet;
byen skal øydast i eld.
5 Asjkalon skal sjå det og ottast,
Gasa skal skjelva i angst,
like eins Ekron,
fordi hennar von ¬har vorte til skammar.
Gasa skal missa sin konge
og Asjkalon sine innbyggjarar,
6 i Asjdod skal det bu ¬eit blandingsfolk.
Eg vil gjera ende på høgmodet ¬åt filistarane;
7 eg vil ta blodet ¬or munnen deira
og styggedomen bort ¬frå tennene deira.
Men dei som vert att,
skal høyra vår Gud til
og vera som hovdingar i Juda;
Ekron skal vera ¬som jebusittane.
8 Eg vil slå vakt om huset mitt
til vern mot dei ¬som kjem og går.
Aldri meir ¬skal nokon valdsherre
fara fram imot dei.
For no har eg sett det ¬med eigne augo.
Fredskongen på Sion
9 Gled deg storleg, Sions dotter,
set i og jubla, Jerusalem!
Sjå, kongen din kjem til deg.
Rettferdig er han, ¬og siger har han fått;
audmjuk rid han på eit esel,
på den unge eselfolen.
10 Eg vil rydja ut vognene ¬i Efraim
og hestane i Jerusalem,
og stridsbogen ¬skal brytast sund.
Han skal skapa fred for folka,
hans velde skal nå ¬frå hav til hav,
frå Eufrat til heimsens endar.
Herren skal strida for folket sitt
11 Ja, for ditt paktblod skuld
vil eg fria dine fangar ¬ut or brunnen
som det ikkje finst vatn i.
12 «Vend heim til borga,
de fangar som har von!»
I dag forkynner eg:
«Eg vil gje deg dobbelt att.»
13 For eg spenner Juda ¬som ein boge
og legg Efraim på som pil.
Eg eggjar dine søner, Sion,
mot dine søner, Javan,
og eg gjer deg lik sverdet Œt ein krigar.
14 Herren skal openberra seg ¬over dei,
hans pil fara ut som eit lyn.
Herren Gud ¬skal la hornet gjalla
og fara fram i storm frå sør.
15 Herren, Allhærs Gud, ¬skal verna dei.
Dei skal eta,
og dei skal trakka ¬på slyngjesteinar,
dei skal drikka og bråka
som om dei var drukne av vin;
både offerskåler og altarhjørne ¬skal fyllast.
16 Den dagen skal Herren ¬deira Gud
berga folket sitt ¬som ein saueflokk.
Som steinar i eit diadem
skal dei glitra i landet hans.
17 Ja, kor godt og fagert det er!
Kornet får gutane til å trivast
og vinen jentene til å bløma.