Lat hyllingsrop lyda for Herren!
1 Ein salme til takkofferet.
Lat hyllingsrop lyda ¬for Herren, all jorda!
2 Ten Herren med glede,
kom fram for han med fagnad!
3 Skjøn at Herren er Gud!
Han har skapt oss, ¬ikkje vi sjølve,
til sitt folk ¬og til den hjord han gjæter.
4 Gå gjennom hans portar ¬med takkesong,
inn i hans tempelgardar ¬med lovsong!
Lov han og pris hans namn!
5 For Herren er god, ¬hans miskunn er evig,
hans truskap varer ¬frå ætt til ætt.