Mi sjel, lov Herren!
1 Av David.
Mi sjel, lov Herren!
Ja, alt som i meg er,
skal lova hans heilage namn.
2 Mi sjel, lov Herren,
gløym ikkje ¬alle hans velgjerningar!
3 Han tilgjev all di skuld
og lækjer all din sjukdom.
4 Han friar ditt liv frå grava
og kronar deg ¬med godleik og miskunn.
5 Han fyller ditt liv ¬med det som godt er,
og gjer deg ung att som ørna.
6 Herren grip inn og frelser,
lèt alle som er trælka, ¬få sin rett.
7 Han kunngjorde sine vegar ¬for Moses,
sine gjerningar for Israels folk.
8 Mild og nådig er Herren,
langmodig og rik på miskunn.
9 Han kjem ikkje alltid ¬med klagemål
og er ikkje evig harm.
10 Han gjer ikkje med oss ¬etter våre synder
og løner oss ikkje ¬etter våre misgjerningar.
11 Så høg som himmelen ¬er over jorda,
så stor er Herrens nåde
over dei som ottast han.
12 Så langt som aust er frå vest,
så langt tek han våre synder ¬bort frå oss.
13 Som ein far er miskunnsam ¬mot borna sine,
er Herren miskunnsam
mot dei som ottast han.
14 For han veit korleis ¬vi er skapte,
han kjem i hug at vi er støv.
15 Menneskelivet er som graset.
Mennesket er som blomen ¬på marka.
16 Når vinden fer framom, ¬er han borte,
staden han stod på, ¬veit ikkje meir av han.
17 Frå æve til æve ¬er Herrens miskunn
over dei som ottast han.
Hans rettferd når ¬til barneborn
18 når fedrane held hans pakt
og kjem i hug hans bod,
så dei lever etter dei.
19 Herren har reist ¬sin kongsstol i himmelen,
han rår som konge ¬over alle ting.
20 Lov Herren, de hans englar,
de sterke heltar, ¬som set hans ord i verk,
så snart de høyrer hans røyst.
21 Lov Herren, ¬alle hans hærskarar,
de hans tenarar, ¬som gjer hans vilje!
22 Lov Herren, ¬heile hans skaparverk,
på alle stader der han rår!
Mi sjel, lov Herren!