Gud fører folket sitt
1 Pris Herren, ¬og kalla på hans namn,
gjer hans storverk kjende ¬mellom folka!
2 Syng for han, og spel for han,
tal om alle hans under!
3 Ros dykk av hans ¬heilage namn!
Dei som søkjer Herren, ¬skal gleda seg.
4 Spør etter Herren og ¬hans makt,
søk alltid hans åsyn!
5 Kom i hug dei under ¬han har gjort,
hans teikn og domsord,
6 de born av Abraham, ¬hans tenar,
Jakobs søner, ¬som han har valt ut.
7 Han er Herren vår Gud,
over all jorda rår hans rett.
8 Han kjem si pakt i hug ¬til evig tid,
det ord han gav til tusen ætter,
9 den pakt han gjorde ¬med Abraham,
sin dyre lovnad til Isak.
10 Det gjorde han ¬til ei lov for Jakob,
til ei evig pakt for Israel.
11 Han sa: «Deg vil eg gje
Kanaan til arv og eige.»
12 Då dei endå var få i landet,
ein liten flokk av innflyttarar,
13 vandra dei frå folk til folk,
frå det eine riket til det andre.
14 Men han lét ingen få kua dei,
han tukta kongar ¬for deira skuld:
15 «Rør ikkje dei som eg har salva,
gjer ikkje vondt ¬mot mine profetar!»
16 Han kalla hungersnaud ¬over landet,
og kvar brødstav ¬braut han sund.
17 Så sende han ein mann ¬i førevegen for dei,
Josef vart seld til træl.
18 Dei tvinga hans føter i lekkjer,
og jern vart lagt ¬om hans hals,
19 heilt til det han sa, slo til,
og Herrens ord gav han rett.
20 Då kongen sende bod, ¬slapp Josef fri,
folkestyraren sleppte han laus.
21 Han sette han til herre ¬over sitt hus,
til styrar over alt det han åtte.
22 Etter sin eigen vilje
skulle han rettleia ¬kongens stormenn
og læra hans eldste sin visdom.
23 Så kom Israel til Egypt,
Jakob var innflyttar ¬i hamittarlandet.
24 Gud lét folket sitt aukast mykje
og gjorde det sterkare ¬enn fiendane.
25 Han vende deira hug, ¬så dei hata hans folk
og fór med svik ¬mot hans tenarar.
26 Då sende han Moses, sin tenar,
og Aron, som han hadde ¬valt ut.
27 Dei gjorde teikn frå Gud ¬mellom folket,
undergjerningar ¬i hamittarlandet.
28 Han sende mørker, ¬og då mørkret fall på,
trassa dei endå hans ord.
29 Han gjorde vatnet der til blod
og lét fisken deira dauda.
30 Det krydde av frosk i landet,
jamvel i kongens salar.
31 På Guds påbod kom det klegg
og mygg i kvar ei bygd.
32 Han gav dei hagl ¬i staden for regn
og sende logande eld ¬i landet;
33 han slo ned deira vintre ¬og fikentre,
ja, knuste kvart tre i riket.
34 På hans bod ¬kom ein grashoppesverm
og larver i tallaus mengd.
35 Dei åt opp alt ¬som voks i landet,
og grøda på marka gnog dei av.
36 Gud slo alle fyrstefødde ¬i landet,
fyrstegrøda av folkets kraft.
37 Så førte han israelittane ut,
og dei tok med seg sølv og gull;
det var ingen ¬i hans ætter som snåva.
38 I Egypt var det glede ¬då dei drog ut,
for folket skalv ¬av redsle for dei.
39 Han breidde ut ei sky til vern
og ein eld til å lysa om natta.
40 Dei kravde mat, ¬då sende han vaktlar
og metta dei med himmelbrød.
41 Han opna berget, ¬og vatnet strøymde fram,
det rann som ei elv ¬i det turre landet.
42 For han kom i hug ¬sitt heilage ord
til Abraham, sin tenar.
43 Så lét han folket dra ut ¬med glede,
hans utvalde folk fekk fara ¬med jubel.
44 Han gav dei land ¬som andre folk åtte,
dei fekk overta frukta ¬av deira strev,
45 så dei skulle halda ¬hans føresegner
og ta vare på hans lover.
Halleluja!