Herrens hjelp i nauda
1 Pris Herren, for han er god,
hans miskunn varer ¬til evig tid!
2 Så skal Herrens utløyste seia,
dei som han løyste ut or nauda
3 og samla frå andre land,
frå aust og vest, frå nord og sør.
4 Somme fór vilt ¬i øydemark og hei;
dei fann ikkje veg ¬til ein by å bu i.
5 Dei var svoltne og tyrste
og hadde ikkje kraft i si sjel.
6 Då ropa dei i si naud ¬til Herren,
og han fria dei ut or trengslene.
7 Han førte dei ¬på den rette vegen,
så dei kom til ein by ¬dei kunne bu i.
8 Dei skal takka Herren ¬for hans miskunn,
at han gjer under ¬for menneska,
9 at han sløkkjer ¬deira brennande torste
og mettar dei svoltne ¬med det som godt er.
10 Somme sat ¬i stummande mørker,
hjelpelause, bundne i jern,
11 fordi dei hadde stått ¬Guds ord imot
og vanvørdt dei råd ¬Den Høgste gav.
12 Deira hjarto var tyngde ¬av møde;
dei snåva, ¬og det var ingen som hjelpte.
13 Då ropa dei i si naud ¬til Herren,
og han frelste dei ut ¬or trengslene.
14 Han førte dei ut ¬or stummande mørker
og sleit deira lekkjer sund.
15 Dei skal takka Herren ¬for hans miskunn,
at han gjer under ¬for menneska,
16 at han sprengjer bronseportar
og slår jernbommar sund.
17 Somme vart dårar ¬ved si syndige ferd,
dei laut lida ¬for sine misgjerningar.
18 Alle slag mat baud dei imot,
dei kom heilt til dødens portar.
19 Då ropa dei i si naud ¬til Herrren,
og han frelste dei ut ¬or trengslene.
20 Han sende sitt ord og lækte dei
og fria dei frå grava.
21 Dei skal takka Herren ¬for hans miskunn,
at han gjer under for menneska.
22 Dei skal bera fram takkoffer
og fortelja med fryd ¬om hans gjerningar.
23 Somme fór ut på havet ¬med skip,
dreiv handel på store hav.
24 Dei fekk sjå ¬Herrens gjerningar,
hans underverk ute på djupet.
25 Han baud, og det bles opp ¬til uver,
havsens bylgjer gjekk høge.
26 Dei steig mot himmelen, ¬sokk i djupet,
så folk miste motet i nauda.
27 Dei tumla og raga som drukne,
var heilt frå sans og samling.
28 Då ropa dei i si naud ¬til Herren,
og han førte dei ut ¬or trengslene.
29 Han fekk stormen til å stilna,
havsens bylgjer fall til ro.
30 Glade vart dei då det stilna;
han førte dei ¬til den hamn dei ynskte.
31 Dei skal takka Herren ¬for hans miskunn,
at han gjer under ¬for menneska.
32 Dei skal lova han ¬når folket er samla,
og prisa han der dei eldste sit.
33 Han gjorde elvar til øydemark,
vassrike kjelder ¬til tyrstande land
34 og grøderik jord til saltlende;
for dei som budde der, ¬var vonde.
35 Han gjorde øydemark ¬til sevgrodd tjørn
og det turre landet til kjelder.
36 Der lét han dei sveltande ¬slå seg ned,
dei fekk grunnleggja ein by ¬til å bu i.
37 Dei sådde åkrane til, ¬planta vintre
og hausta frukta og grøda.
38 Han velsigna folket, ¬det voks seg stort,
og han lét det ikkje vanta fe.
39 Men sidan minka dei i tal;
dei vart bøygde og tyngde
av ulukke og sorg.
40 Han auste vanvørdnad ¬ut over stormenn
og lét dei villa seg bort ¬i veglaus audn,
41 men lyfte dei fattige opp ¬or armod
og gjorde deira ætter ¬til ein talrik flokk.
42 Dei ærlege ser det ¬og gleder seg,
men all vondskap ¬må lata att sin munn.
43 Den som er vis, ¬skal merka seg dette
og akta ¬på Herrens velgjerningar.