Salmane 108

Gud har tala i sin heilagdom

1 Ein song. Ein Davids-salme.

2 Mitt hjarta er roleg, Gud,

eg vil spela og syngja ¬av heile mitt hjarta.

3 Vakna, harpe og lyre!

Morgonroden vil eg vekkja.

4 Eg vil prisa deg ¬mellom folka, Herre,

lovsyngja deg ¬mellom folkeslag.

5 Stor er di miskunn, ¬til himmelen når ho,

til skyene rekk din truskap.

6 Vis deg høg ¬over himmelen, Gud,

vis din herlegdom ¬over all jorda!

7 Hjelp oss med di høgre hand,

svar oss, ¬så dine kjære vert berga!

8 Gud har tala i sin heilagdom:

«Med jubel ¬vil eg skifta ut Sikem

og mæla opp Sukkot-dalen.

9 Meg høyrer Gilead ¬og Manasse til,

Efraim er hjelmen ¬på mitt hovud,

og Juda er min styrarstav.

10 Men Moab er mitt vaskefat,

på Edom kastar eg ¬min sko.

Eg triumferer ¬over Filistarlandet.»

11 Kven fører meg ¬til festningsbyen,

kven leier meg til Edom?

12 Er det ikkje du, Gud, ¬som vraka oss

og ikkje drog ut ¬med våre hærar?

13 Gjev oss hjelp mot fienden!

Hjelp frå menneske ¬duger ikkje.

14 Med Guds hjelp ¬skal vi gjera storverk.

Han skal trakka ¬våre fiendar ned.