Salmane 11

Til Herren flyr eg

1 Til korleiaren. Av David.

Til Herren flyr eg.

Korleis kan de seia til meg:

«Fly til fjells som ein fugl!

2 For sjå, ¬dei vonde spenner bogen

og legg si pil på strengen;

i mørkret vil dei skyta

på dei som er ærlege av hjarta.

3 Når grunnvollen vert riven bort,

kva kan då ¬den rettferdige gjera?»

4 Herren er i sitt heilage tempel,

i himmelen har han ¬sin kongsstol.

Hans augo skodar utover,

han prøver menneska ¬med sitt blikk.

5 Herren ransakar ¬rettferdige og gudlause,

han hatar dei som elskar vald.

6 Over dei vonde ¬lèt han det regna

gloande kol og svovel,

gloheit vind er den luten dei får.

7 Rettferdig er Herren, ¬han elskar rettferd;

dei ærlege får sjå hans åsyn.