Salmane 110

Prestekongen

1 Ein Davids-salme.

Herren seier til min herre:

«Set deg ved mi høgre hand

til eg får lagt dine fiendar

til skammel for dine føter!»

2 Frå Sion retter Herren ut

din mektige kongsstav.

Ver herre mellom dine fiendar!

3 Ditt folk møter viljug fram

den dagen du mønstrar ¬din hær.

I heilagt skrud ¬kjem din ungdom til deg

som dogg ¬ut or morgonrodens fang.

4 Herren har svore ¬og angrar det ikkje:

«Du skal vera prest ¬til evig tid

på Melkisedeks vis.»

5 Herren er ved di høgre side,

han knuser kongar ¬på sin vreidedag.

6 Han dømer folkeslag ¬– det er fullt av lik,

hovdingar knuser han ¬vidt over jord.

7 Kongen drikk or bekken ¬ved vegen,

difor lyfter han hovudet høgt.