Salmane 113

Han reiser dei ringe or støvet

1 Halleluja!

Syng lovsong, Herrens tenarar,

lovsyng Herrens namn!

2 Lova vere Herrens namn

frå no og til evig tid!

3 Frå solrenning til soleglad

skal Herrens namn vera lova.

4 Opphøgd er Herren ¬over alle folkeslag,

over himmelen ¬er hans herlegdom.

5 Kven er som Herren vår Gud,

han som tronar i det høge,

6 som ser ned i det djupe,

i himmelen og på jorda?

7 Han reiser dei ringe or støvet,

lyfter dei fattige or oska

8 og sessar dei saman ¬med stormenn,

med hovdingane i sitt folk.

9 Barnlaus kvinne lèt han bu ¬i huset

som lukkeleg mor ¬til ein barneflokk.

Halleluja!