Då Israel drog ut or Egypt
1 Då Israel drog ut or Egypt,
då Jakobs ætt tok ut frå eit folk
som tala eit framandt språk,
2 vart Juda Herrens heilagdom
og Israel hans rike.
3 Sjøen såg det og rømde,
Jordan snudde og rann tilbake.
4 Fjella hoppa som verar
og haugane som lam.
5 Kva har hendt deg, sjø, ¬sidan du rømer?
Kvifor renn du tilbake, Jordan?
6 De fjell, ¬kvifor hoppar de som verar,
de haugar, ¬kvifor spring de som lam?
7 Skjelv for Herrens åsyn, ¬du jord,
skjelv for Jakobs Gud,
8 han som gjer berget til eit vatn
og harde fjellet til ei kjelde.