Salmane 115

Israels Gud velsignar

1 Lat ikkje oss få ære, Herre,

ikkje oss, ¬men ditt heilage namn!

For du er god og trufast.

2 Kvifor skal folkeslaga seia:

«Kvar er no deira Gud?»

3 Vår Gud er i himmelen,

alt han vil, det gjer han.

4 Deira gudebilete ¬er laga av sølv og gull;

dei er eit verk ¬av menneskehender.

5 Dei har munn, ¬men kan ikkje tala,

dei har augo, ¬men kan ikkje sjå.

6 Dei har øyro, ¬men kan ikkje høyra,

dei har nase, ¬men kan ikkje lukta.

7 Dei kan ikkje gripa ¬med sine hender

og kan ikkje gå med ¬sine føter;

dei har ikkje mål i strupen.

8 Såleis vert dei som lagar dei òg,

og alle som set si lit til dei.

9 Israel, set di lit til Herren!

Han er deira hjelp og skjold.

10 Arons ætt, set di lit ¬til Herren!

Han er deira hjelp og skjold.

11 De som ottast Herren, ¬lit på han!

Han er deira hjelp og skjold.

12 Herren kjem oss i hug ¬og velsignar oss.

Han velsignar Israels ætt,

han velsignar Arons ætt.

13 Han velsignar ¬dei som ottast han,

dei små med dei store.

14 Gjev Herren må la dykk ¬auka i tal,

både dykk og borna dykkar!

15 Velsigna vere de av Herren,

han som skapte himmel ¬og jord!

16 Himmelen er Herrens himmel,

men jorda gav han ¬til menneska.

17 Dei døde prisar ikkje Herren,

det gjer ingen ¬som stig ned i stilla.

18 Men vi skal lova Herren

frå no og til evig tid.

Halleluja!