Salmane 116

Du har berga mitt liv frå døden

1 Eg elskar Herren,

for han høyrde meg

då eg trygla og bad.

2 Fordi han vende øyra ¬til meg,

vil eg kalla på han ¬alle mine dagar.

3 Dødens lekkjer snørte seg ¬om meg,

helheims redsler greip meg,

eg fann berre naud og sorg.

4 Då kalla eg på Herren:

«Å, Herre, berga mitt liv!»

5 Herren er nådig og rettferdig,

miskunnsam er vår Gud.

6 Herren vernar dei umyndige,

han kom meg til hjelp ¬då eg var veik.

7 Kom til ro att, mi sjel,

for Herren har gjort vel ¬imot deg!

8 Ja, du har berga mitt liv ¬frå døden,

mitt auga frå gråt ¬og min fot frå fall.

9 Eg får ferdast for Herrens åsyn

i landet åt dei levande.

10 Eg trudde, jamvel då eg sa:

«Eg er ille plaga.»

11 I min angst og mi uro sa eg:

«Kvart menneske ¬er ein lygnar.»

12 Kva skal eg gje Herren att

for alle hans velgjerningar ¬mot meg?

13 Eg lyfter frelsesstaupet

og kallar på Herrens namn.

14 Eg vil halda mine lovnader ¬til Herren

for augo på heile hans folk.

15 Det er dyrt i Herrens augo

at hans trugne døyr.

16 Å, Herre, eg er din tenar,

din tenar ¬og son til di trælkvinne.

Du har løyst mine lekkjer.

17 Eg vil bera fram takkoffer ¬til deg

og kalla på Herrens namn.

18 Eg vil halda mine lovnader ¬til Herren

for augo på heile hans folk,

19 i føregardane til Herr ens hus,

midt i deg, Jerusalem.

Halleluja!