Salmane 118

Dette er dagen som Herren har gjort

1 Pris Herren, for han er god,

evig varer hans miskunn.

2 Så skal Israel seia:

Evig varer hans miskunn.

3 Arons ætt skal seia:

Evig varer hans miskunn.

4 Dei som ottast Herren, ¬skal seia:

Evig varer hans miskunn.

5 I trengsla ropa eg til Herren,

han svara ¬og førte meg ut i ope lende.

6 Når Herren er med, ¬reddast eg ikkje.

Kva kan vel menneske ¬gjera meg?

7 Når Herren er min hjelpar,

kan eg sjå på mine fiendar ¬utan otte.

8 Det er betre å fly til Herren

enn å setja si lit til menneske.

9 Det er betre å fly til Herren

enn å setja si lit til stormenn.

10 Alle folkeslag kringsette meg;

eg heldt dei frå livet ¬i Herrens namn.

11 Dei var ikring meg ¬på alle kantar;

eg heldt dei frå livet ¬i Herrens namn.

12 Dei var ikring meg som bier.

Dei slokna som eld i klunger;

eg heldt dei frå livet ¬i Herrens namn.

13 Dei støytte meg hardt, ¬eg heldt på å falla,

men Herren kom meg til hjelp.

14 Herren er mi kraft ¬og min styrke,

og han har vorte mi berging.

15 Høyr, jubel og sigersrop lyder

i telta åt dei rettferdige!

Herrens høgre hand ¬gjer storverk,

16 Herrens hand reiser opp.

Herrens høgre hand ¬gjer storverk.

17 Eg skal ikkje døy, men leva

og fortelja ¬om Herrens gjerningar.

18 Hardt har Herren tukta meg,

men han lét meg ikkje døy.

19 Lat rettferdsporten opp ¬for meg,

eg vil gå inn og prisa Herren!

20 Her er Herrens port,

gjennom den ¬går dei rettferdige inn.

21 Eg takkar deg ¬fordi du svara meg,

fordi du vart mi berging.

22 Den steinen ¬bygningsmennene vraka,

har vorte hjørnestein.

23 Det er Herrens eige verk,

underfullt er det i våre augo.

24 Dette er dagen ¬som Herren har gjort;

lat oss jubla og gleda oss no!

25 Å, Herre, gjev frelse,

å, Herre, lat det lukkast!

26 Velsigna vere den

som kjem i Herrens namn!

Vi velsignar dykk ¬frå Herrens hus.

27 Herren er Gud, ¬han gav oss ljos.

Knyt festtoget saman ¬med greiner

heilt opp til altarhorna!

28 Du er min Gud, eg takkar deg;

min Gud, eg lovsyng deg.

29 Pris Herren, for han er god,

ev ig varer hans miskunn.