Salmane 12

Herre, du vil verna oss

1 Til korleiaren. Etter «Den åttande».

Ein Davids-salme.

2 Berga meg, Herre! ¬Dei trugne er borte,

det finst ikkje ¬trufaste menneske meir.

3 Lygn talar dei, ¬kvar med sin neste,

med tvihug og falske lipper.

4 Gjev Herren må rydja ut alle

som fer med lygn

og talar store ord,

5 som seier:

«Vi har vår styrke i tunga,

og vi har lippene med oss.

Kven meistrar vel oss?»

6 «Fordi dei verjelause ¬vert trælka

og dei fattige styn,

vil eg reisa meg no,» ¬seier Herren.

«Eg vil frelsa dei

som stundar etter hjelp.»

7 Herrens ord er reine ord,

lik sølv som er skirsla ¬i smelteomnen,

sju gonger reinsa.

8 Herre, du vil vara oss,

alltid verna oss mot denne ætta,

9 når gudlause menneske ¬fer ikring,

og usseldom får makta ¬mellom folk.