Eg ynskjer fred
1 Ein song til festferdene.
Til Herren ropa eg i mi naud,
og han høyrde mi bøn.
2 Frels meg frå lipper som lyg,
frå falske tunger, Herre!
3 Kva skal han gje deg, ¬du falske tunge,
og kva meir skal han la deg få?
4 Kvasse piler ¬frå stridsmannens boge
og gloande kol ¬av gyvelbusken.
5 Ve meg, som må halda til ¬i Mesjek
og bu mellom Kedars telt!
6 Altfor lenge har eg butt
mellom folk som hatar fred.
7 Eg ynskjer fred; ¬men seier eg eit ord,
er dei ferdige til strid.