Herren vil fullføra verket
1 Av David.
Eg prisar deg, Herre, ¬av heile mitt hjarta,
eg lovsyng deg ¬for augo på gudar.
2 Eg kastar meg ned ¬for ditt heilage tempel
og prisar deg for di miskunn ¬og din truskap.
Du har gjort ditt namn ¬og ditt ord
større enn alle ting.
3 Den dagen eg ropa, ¬svara du meg;
du gav meg mot og kraft i sjela.
4 Alle kongar på jord ¬skal prisa deg, Herre,
når dei får høyra ¬dei ord du har tala.
5 Dei skal syngja ¬om Herrens vegar,
for Herrens herlegdom er stor.
6 Ja, høg er Herren, ¬men han ser til den låge,
langt bortanfrå ¬kjenner han den stolte.
7 Om eg ferdast i trengsle, ¬held du meg i live,
du retter ut di hand ¬mot mine rasande fiendar
og bergar meg ¬med di høgre hand.
8 Herren vil fullføra verket ¬for meg.
Herre, di miskunn varer evig.
Hald ikkje opp ¬med det verk du gjer!