Kvar skal eg fara frå din Ande?
1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.
Herre, du ransakar meg ¬og kjenner meg.
2 Anten eg sit eller står, ¬så veit du det,
langt bortanfrå ¬merkar du mine tankar.
3 Anten eg går eller ligg, ¬så ser du det,
du kjenner alle mine vegar.
4 Ja, før eg har eit ord på tunga,
veit du det, Herre, fullt ¬og heilt.
5 Du kringset meg på alle ¬sider,
du har lagt di hand på meg.
6 Det er for underfullt ¬til å skjøna,
det er så høgt ¬at eg ikkje kan fatta det.
7 Kvar skal eg fara frå din Ande,
kvar skal eg røma frå ditt åsyn?
8 Fer eg opp til himmelen, ¬så er du der,
og reier eg lege i dødsriket, ¬så er du der òg.
9 Tek eg morgonrodens ¬venger på
og slår meg ned ¬der havet endar,
10 så fører du meg jamvel der,
di høgre hand, ¬ho held meg fast.
11 Og seier eg: ¬«Lat mørkret løyna meg
og ljoset ikring meg ¬verta natt»,
12 så er ikkje mørkret ¬for mørkt for deg,
og natta er ljos som dagen,
ja, mørkret er som ljoset.
13 For du har skapt mitt indre,
du har vove meg i mors liv.
14 Eg takkar deg fordi eg er skapt
på skræmeleg underfull vis.
Underfulle er dine verk,
det veit eg så vel.
15 Mine bein var ikkje dulde ¬for deg
då eg vart skapt i løyndom
og forma djupt i jorda.
16 Du såg meg då eg var eit foster,
i di bok vart alt skrive opp;
mine dagar fekk si form
før ein einaste av dei ¬var komen.
17 Kor høge dine tankar er, Gud,
kor veldig summen av dei!
18 Vil eg telja dei, ¬er dei tallause som sand;
kjem eg til endes med det, ¬er eg enno hjå deg.
19 Gjev du ville drepa den vonde, ¬Gud,
og la drapsmennene vika ¬frå meg,
20 dei som talar svikefullt om deg
og reiser seg mot deg ¬i vondskap.
21 Eg hatar dine fiendar, Herre,
har uvilje mot dei ¬som står deg imot.
22 Eg hatar dei ¬med eit grenselaust hat
og held dei for mine fiendar.
23 Ransak meg, Gud, ¬og kjenn mitt hjarta,
prøv meg og kjenn ¬mine tankar!
24 Sjå om eg er ¬på den vonde vegen,
og lei meg på ævevegen!