Fri meg frå vonde menneske, Herre!
1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.
2 Fri meg frå vonde menneske, ¬Herre,
vern meg mot menn ¬som gjer vald!
3 Dei har vonde tankar i hjarta
og eggjar dagleg til strid.
4 Dei har kvasse tunger ¬som ormar,
under lippene har dei eiter.Sela
5 Vakta meg, Herre, ¬for nidings hand,
vern meg mot menn ¬som gjer vald,
og som gjerne vil få meg ¬til å snåva.
6 Stolte set dei snarer for meg,
attmed vegen ¬spenner dei tog som garn
og set feller for meg.Sela
7 Eg seier til Herren: ¬Du er min Gud,
Herre, høyr mi inderlege bøn!
8 Herre Gud, min sterke frelsar,
du vernar mitt hovud ¬på stridens dag.
9 Lat ikkje nidingen ¬få det han ynskjer,
lat ikkje hans planar ¬lukkast, Herre!Sela
10 Dei som samlar seg kring meg, ¬lyfter hovudet.
Lat det vonde dei talar om, ¬råka dei sjølve!
11 Lat det regna gloande kol ¬ned over dei,
lat dei falla i djupe groper,
så dei ikkje kjem opp.
12 Dei som talar vondt ¬om andre,
skal ikkje få vera i landet.
Valdsmenn skal jagast ¬av ulukke
og få slag på slag.
13 Eg veit at Herren ¬fører saka for dei arme
og hjelper dei fattige ¬til deira rett.
14 Ja, dei rettferdige ¬prisar ditt namn,
dei ærlege ¬får bu for ditt åsyn.