Salmane 142

Akta på mitt klagerop!

1 Ein læresalme av David, då han var i hola. Ei bøn.

2 Eg ropar høgt til Herren

og bed han audmjukt om nåde.

3 Eg renner ut mi klage for han,

legg fram for han mi naud.

4 Når mi ånd er kraftlaus,

veit du korleis ¬det står til med meg.

På vegen der eg ferdast,

legg dei løynde snarer for meg.

5 Eg ser til høgre og speidar,

men ingen kjennest ved meg.

Det finst ikkje utveg meir,

ingen bryr seg om meg.

6 Eg ropar til deg, Herre,

og seier: Du er mi livd,

min lut i landet åt dei levande.

7 Akta på mitt klagerop,

for eg er liten og hjelpelaus!

Fri meg frå dei ¬som forfylgjer meg,

dei har vorte meg for sterke.

8 Før meg ut or fengslet,

så eg kan prisa ditt namn!

Dei rettferdige ventar på

at du skal gjera vel imot meg.