Salmane 143

Lat din gode Ande leia meg!

1 Ein Davids-salme.

Herre, høyr mi bøn,

vend øyra til mi inderlege bøn!

Svar meg, du som er trufast ¬og rettferdig!

2 Stemn ikkje meg, din tenar, ¬for retten!

For ingen som lever, ¬er rettferdig for deg.

3 Fienden forfylgjer meg,

slår meg til jorda ¬og knuser meg.

Han lèt meg sitja ¬i stummande mørker,

lik dei som døydde ¬for lenge sidan.

4 Mi ånd er utan kraft,

mitt hjarta stivnar i brystet.

5 Eg kjem gamle dagar i hug,

eg tenkjer ¬på alle dine gjerningar

og grundar på det verk ¬du har gjort.

6 Eg retter ut mine hender ¬til deg,

eg lengtar etter deg

som jorda tyrstar etter vatn.Sela

7 Skund deg og svar meg, Herre,

elles går mi ånd til grunne.

Løyn ikkje ditt andlet for meg,

elles vert eg lik dei ¬som har gått i grav.

8 Lat meg høyra om di miskunn ¬om morgonen,

for eg set mi lit til deg!

Lær meg den veg eg skal gå,

for eg lyfter mi sjel til deg.

9 Fri meg frå mine fiendar, ¬Herre!

Hjå deg søkjer eg livd.

10 Lær meg å gjera din vilje,

for du er min Gud!

Lat din gode Ande leia meg

på jamne stigar!

11 Hald meg i live, Herre,

til ære for ditt namn!

Før meg i di rettferd

ut or trengsla!

12 Ryd ut mine fiendar,

du som er trufast;

gjer ende på ¬alle mine motstandarar!

For eg er din tenar.