Eg vil lovsyngja deg, min Gud og konge
1 Ein lovsong av David.
Eg vil lovsyngja deg, ¬min Gud og konge,
og velsigna ditt namn ¬til evig tid.
2 Eg vil lova deg ¬kvar einaste dag
og prisa ditt namn til evig tid.
3 Stor er Herren, ¬ja, høglova er han,
uransakeleg er hans stordom.
4 Ætt etter ætt ¬skal prisa di gjerning,
fortelja om dei storverk ¬du gjer.
5 Dei talar om din herlegdom ¬og høge majestet,
eg grundar på dine under.
6 Dei talar om ¬dine mektige gjerningar,
eg fortel om dine storverk.
7 Dei kallar fram minnet ¬om all din godleik
og syng med fagnad ¬om di rettferd.
8 Nådig og mild er Herren,
langmodig og rik på miskunn.
9 Herren er god mot alle,
miskunnsam mot alle ¬sine skapningar.
10 Heile din skapning takkar deg, ¬Herre,
dei som held di pakt, ¬prisar deg.
11 Dei talar om ditt herlege ¬kongedøme,
fortel om di veldige kraft,
12 så menneska skal få kjenna ¬ditt velde
og den strålande herlegdomen ¬i ditt rike.
13 Ditt rike står ¬gjennom alle tider,
ditt herrevelde varer ¬frå ætt til ætt.
14 Herren støttar kvar den ¬som fell,
og reiser alle nedbøygde opp.
15 Alle vender augo ventande ¬til deg,
og du gjev dei mat i rette tid.
16 Du opnar di hand ¬og mettar alt som lever,
med det som godt er.
17 Rettferdig er Herren ¬i all si ferd
og trufast i alt det han gjer.
18 Herren er nær ¬hjå alle som kallar,
hjå alle som ærleg kallar på han.
19 Han gjer det dei ynskjer,
dei som har age for han,
han høyrer deira rop ¬og frelser dei.
20 Herren vernar alle ¬som elskar han,
men dei gudlause ¬rydjar han ut.
21 Eg vil lovsyngja Herren;
til evig tid skal alt som lever,
lova hans heilage namn.