Halleluja!
1 Halleluja!
Lovsyng Gud i hans heilagdom,
lovsyng han ¬i hans himmelborg!
2 Lov han for hans mektige verk,
lov han for hans store velde!
3 Lov han med gjallande horn,
lov han med harpe og lyre!
4 Lov han med pauke og dans,
lov han med strengespel ¬og fløyte!
5 Lov han med tonande cymblar,
lov han ¬med klingande cymblar!
6 Alt som har ande, ¬skal lova Herren.
Halleluja!