I Guds varetekt
1 Ein miktam. Av David.
Verna meg, Gud, ¬for eg flyr til deg.
2 Eg seier til Herren:
«Du er min herre,
du er mitt einaste gode.»
3 Eg held meg til dei heilage ¬i landet;
høgt set eg dei gjæve menn.
4 Mange plager må dei tola,
dei som spring ¬etter andre gudar.
Eg vil ikkje ¬renna ut blodoffer for dei
og ikkje ta ¬deira namn i min munn.
5 Herre, du er min del ¬og mitt staup,
det er du som fastset min lut.
6 Eg fekk min del på fager grunn,
ja, ein herleg arv vart min.
7 Eg prisar Herren, ¬som gjev meg råd;
jamvel om natta ¬får eg rettleiing i mitt indre.
8 Alltid har eg Herren for auga;
han er ved mi høgre side,
eg skal ikkje rikkast.
9 Difor er det glede i mitt hjarta
og jubel i mi sjel;
ja, jamvel lekamen ¬kan vera trygg.
10 Du gjev meg ikkje ¬over til dødsriket,
du lèt ikkje din trufaste tenar ¬gå til grunne.
11 Du lærer meg livsens veg.
Det er fullt av glede ¬for ditt åsyn,
ein evig fagnad ¬ved di høgre hand.