Salmane 18

Kongen takkar og lovsyng

1 Til korleiaren. Av David, Herrens tenar, som kvad denne songen for Herren då han hadde fria han frå alle fiendane hans og frå Saul.

2 Han sa:

Herre, min styrke, ¬deg har eg kjær.

3 Herren er mitt berg og mi borg, ¬min utfriar,

min Gud, mitt fjell, ¬som eg flyr til,

mitt skjold, mitt frelsehorn ¬og mitt vern.

4 Eg kallar på Herren, ¬han som får lovsong,

og eg vert frelst ¬frå mine fiendar.

5 Dødens lekkjer snørte seg ¬om meg,

undergangsstraumane ¬skræmde meg.

6 Helheims reip vart spente ¬om meg,

dødens snarer låg i min veg.

7 Då kalla eg på Herren i mi naud

og ropa til min Gud.

Han høyrde mi røyst ¬frå sitt tempel,

til hans øyra nådde mitt rop.

8 Då skalv og riste jorda,

grunnen under fjella skok,

dei skalv fordi han var harm.

9 Røyk steig opp or hans nase,

øydande eld or hans munn;

gneistar og glør fór ut frå han.

10 Han senka himmelen ¬og steig ned

med svarte skyer ¬under sine føter.

11 Sitjande på kjerubar flaug han,

fór fram på vengene åt vinden.

12 Han gjorde mørkret ¬til si gøymsle,

og kring seg hadde han ¬som eit telt

svarte, regntunge skyer.

13 Frå stråleglansen framføre han

kom det ut or skyene

hagl og gloande kol.

14 Herren torna i himmelen,

Den Høgste lét røysta si lyda

gjennom hagl og gloande kol.

15 Han skaut sine piler ¬og spreidde mine fiendar,

med lyn i mengd ¬skræmde han dei.

16 Rennene på havbotnen ¬kom til synes,

grunnvollane under jorda ¬viste seg

då du truga, Herre,

ja, bles og fnyste av vreide.

17 Han rette ut si hand ¬frå det høge og greip meg,

drog meg opp ¬or det djupe vatnet.

18 Han berga meg ¬frå min mektige fiende,

frå motstandarar ¬som var meg for sterke.

19 Dei gjekk imot meg ¬på ulukkedagen,

men Herren var ei støtte ¬for meg.

20 Han førte meg ut i ope lende

og fria meg ut, ¬for han har meg kjær.

21 Herren gjorde vel imot meg ¬for mi rettferd,

han lønte meg ¬fordi mine hender var reine.

22 For eg hadde halde meg ¬til Herrens vegar

og ikkje falle frå min Gud ¬i vondskap.

23 Alle hans lover ¬hadde eg for auga

og støytte ikkje frå meg ¬hans bod.

24 For han var eg heil i mi ferd

og akta meg vel, ¬så eg ikkje synda.

25 Herren lønte meg ¬for mi rettferd,

då han såg at mine hender ¬var reine.

26 Du er trufast ¬mot den som er trufast,

heilhjarta ¬mot kvar heilhjarta mann.

27 Du viser deg rein mot den reine,

men vrang mot den svikefulle.

28 For du frelser dei hjelpelause,

men audmykjer dei ¬som har stolte augo.

29 Ja, du lèt mi lampe skina, Herre,

min Gud lyser opp ¬i mitt mørker.

30 Med deg kan eg storma ¬mot ein krigarflokk,

med Guds hjelp ¬kan eg springa over murar.

31 Guds veg er fullkomen,

Herrens ord er reint.

Han er eit skjold for alle

som flyr til han.

32 For kven er Gud ¬forutan Herren,

og kven er eit berg ¬om ikkje vår Gud?

33 Gud rustar meg ut med styrke

og gjer mi ferd ulastande.

34 Han gjev meg føter som ei hind

og lèt meg stå på høgdene.

35 Han lærer opp mine hender ¬til strid,

mine armar til å spenna ¬bronsebogen.

36 Du gjev meg di frelse til skjold

og stør meg med di høgre hand.

Du bøyer deg ned ¬og gjer meg stor.

37 Du jamnar veg for mine steg,

og mine okle er støe.

38 Eg jagar mine fiendar ¬og tek dei att;

eg snur ikkje ¬før eg har gjort ende på dei.

39 Eg knuser dei, ¬så dei ikkje kan reisa seg,

men ligg under føtene mine.

40 Du rustar meg med styrke ¬til striden

og tvingar mine motstandarar ¬i kne.

41 Du slår mine fiendar på flukt,

eg rydjar ut dei som hatar meg.

42 Dei ropar, men ingen bergar,

dei ropar til Herren, ¬han svarar dei ikkje.

43 Eg knuser dei ¬som støv for vinden

og kastar dei ut ¬som avfall i gata.

44 Du berga meg frå folk ¬som låg i strid,

og sette meg til hovding ¬over folkeslag.

Folk eg ikkje kjende, ¬må tena meg,

45 dei lyder berre dei høyrer ¬om meg.

Framande kryp for meg,

46 ja, dei framande er utmødde,

skjelvande kjem dei ¬ut or sine borger.

47 Herren lever!

Mitt berg vere lova!

Opphøgd vere Gud, min frelsar.

48 Gud gjev meg hemn

og legg folkeslag under meg.

49 Han friar meg frå mine fiendar,

ja, lyfter meg høgt ¬over mine motstandarar

og bergar meg frå valdsmenn.

50 Difor lovar eg deg ¬mellom folka, Herre,

og prisar ditt namn med song.

51 Han gjev sin konge store sigrar,

han er trufast ¬mot den han har salva,

mot David og hans ætt ¬til evig tid.