Salmane 20

Bøn for kongen

1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.

2 Gjev Herren må bønhøyra deg ¬på trengselsdagen,

Jakobs Gud verna deg!

3 Gjev han må senda deg hjelp ¬frå heilagdomen

og gje deg støtte frå Sion!

4 Gjev han må minnast ¬alle dine offergåver

og ta imot ditt brennoffer,Sela

5 gje deg det ditt hjarta ynskjer

og la alle dine planar lukkast.

6 Så vil vi jubla over di frelse

og lyfta banneret ¬i vår Guds namn.

Herren oppfylle alle dine bøner!

7 No veit eg at Herren gjev siger ¬til den han har salva,

og svarar han ¬frå sin heilage himmel;

med si høgre hand ¬gjer han storverk til frelse.

8 Andre lit på vogner og hestar,

men vi prisar namnet ¬åt Herren vår Gud.

9 Dei andre sig i kne og fell,

men vi står og held ut.

10 Herre, gjev kongen siger!

Svar oss den dagen vi ropar!