Salmane 27

Herren er mitt ljos og mi frelse

1 Av David.

Herren er mitt ljos og mi frelse,

kven skulle eg ottast?

Herren er eit vern for mitt liv,

kven skulle eg skjelva for?

2 Når ugjerningsmenn ¬går laus på meg

og vil gløypa meg,

då snåvar og fell dei sjølve,

fiendane som står meg imot.

3 Om ein hær vil kringsetja meg,

finst det ikkje redsle i mi sjel.

Går dei til strid imot meg,

er eg likevel trygg.

4 Eitt bed eg Herren om,

og det stundar eg etter:

at eg får bu i Herrens hus

alle mine levedagar,

så eg kan sjå hans velvilje

og grunda i hans tempel.

5 Han gøymer meg i si hytte

på den vonde dagen.

Han løyner meg ¬i sitt skjermande telt

og tek meg opp på berget.

6 No lyfter eg høgt mitt hovud

over mine fiendar ¬rundt ikring meg.

Med jubel vil eg bera fram

takkoffer i Herrens telt

og syngja og spela for han.

*

7 Høyr meg, Herre, når eg ropar,

ver meg nådig og svar meg!

8 Eg kjem i hug at du har sagt:

«De skal søkja mitt åsyn.»

Herre, eg søkjer ditt åsyn.

9 Løyn ikkje ditt andlet for meg!

Vis ikkje din tenar bort i harme,

du som har vore mi hjelp.

Slepp meg ikkje, ¬og forlat meg ikkje,

du Gud som er min frelsar!

10 Om far min og mor mi ¬forlèt meg,

vil Herren ta imot meg.

11 Herre, lær meg dine vegar,

og før meg på dei rette stigar

for mine fiendar skuld!

12 Gjev meg ikkje over ¬til grådige fiendar!

Falske vitne står opp imot meg,

dei frøser og trugar med vald.

13 Eg trur for visst at eg skal få sjå

Herrens godhug her ¬i livsens land.

14 Venta på Herren, ¬ver frimodig og sterk!

Ja, venta på Herren!