Salmane 28

Klagerop og takk

1 Av David.

Herre, eg ropar til deg, ¬mitt berg.

Vend deg ikkje tagal frå meg!

Svarar du meg ikkje,

vert eg lik dei ¬som har gått i grav.

2 Høyr mi inderlege bøn,

når eg ropar til deg om hjelp,

når eg lyfter mine hender

mot Det høgheilage ¬i ditt tempel.

3 Riv meg ikkje bort ¬med dei gudlause,

saman med dei som gjer urett.

Dei talar venleg med sin neste,

men hjarta deira ¬er fullt av vondskap.

4 Gjev dei att ¬for det dei har gjort,

for deira vonde framferd!

Gjev dei lika for deira udåd,

lat dei få att for si gjerning!

5 For dei aktar ikkje ¬på Herrens verk,

på det han gjer ¬med sine hender.

Gjev han må riva dei ned

og ikkje byggja dei opp att!

6 Lova vere Herren,

for han har høyrt ¬mi inderlege bøn!

7 Herren er mitt vern ¬og mitt skjold,

eg set mi lit til han.

Eg fekk hjelp, ¬og mitt hjarta jublar;

eg takkar han med min song.

8 Herren er styrke for sitt folk,

vern og frelse ¬for den han har salva.

9 Frels ditt folk ¬og velsigna din eigedom!

Ver du deira hyrding

og ber dei til evig tid!