Salmane 42

Lengsle etter Gud

1 Til korleiaren. Ein læresalme.

Av Korah-songarane.

2 Liksom hjorten stundar

etter rennande bekker,

såleis stundar mi sjel

etter deg, min Gud.

3 Mi sjel tyrstar etter Gud,

etter den levande Gud.

Når skal eg få koma

og stiga fram for hans åsyn?

4 Mine tårer har vorte min mat

både dag og natt.

Dagen lang kjem folk og seier:

«Kvar er no din Gud?»

5 Eg vil letta mi sjel

og tenkja på det som var:

at eg gjekk fram ¬i det store fylgjet,

drog i festtog til Guds hus

med jubelrop og takkesong

– ein pilegrimsskare i fest.

6 Kvifor er du full av uro, ¬mi sjel,

kvifor stormar det i meg?

Vent på Gud! ¬For endå ein gong

skal eg takka han, ¬min frelsar og min Gud.

7 Mi sjel er full av uro;

difor kjem eg deg i hug

frå Jordan-landet ¬og Hermon-fjellet,

ja, frå Misar-berget òg.

8 Havdjup ropar til havdjup,

og dine fossar durar.

Alle dine brot og bylgjer

slår no over meg.

9 Gjev Herren må senda ¬si miskunn om dagen

og eg få syngja ¬hans pris om natta;

eg bed til mitt livs Gud.

10 No seier eg til Gud, ¬mitt berg:

«Kvifor har du gløymt meg,

kvifor må eg gå og syrgja,

medan fienden plagar meg?»

11 Det går meg gjennom ¬merg og bein

når mine fiendar spottar meg,

når dei seier til meg ¬dagen lang:

«Kvar er no din Gud?»

12 Kvifor er du full av uro, mi sjel,

kvifor stormar det i meg?

Vent på Gud! ¬For endå ein gong

skal eg takka han, ¬min frelsar og min Gud.