Salmane 43

1 Hjelp meg til min rett ¬og før mi sak

mot folk som ikkje ¬viser miskunn!

Fri meg, Gud, frå menneske

som fer med svik og vondskap!

2 For du er mitt vern, Gud.

Kvifor har du støytt meg bort?

Kvifor må eg gå og syrgja

medan fienden plagar meg?

3 Send ditt ljos og di sanning,

lat dei leia meg

og føra meg ¬til ditt heilage fjell,

til dine bustader.

4 Så kan eg gå til Herrens altar,

til Gud, mi glede og min jubel,

og syngja din pris til lyra,

Herre, du min Gud.

5 Kvifor er du full av uro, mi sjel,

kvifor stormar det i meg?

Vent på Gud! ¬For endå ein gong

skal eg takka han, ¬min frelsar og min Gud.