Støyt oss ikkje bort for alltid!
1 Til korleiaren. Av Korah-songarane.
Ein læresalme.
2 Gud, vi har høyrt det ¬med eigne øyro,
våre fedrar har fortalt oss det:
Du gjorde eit verk i deira tid,
i gamle dagar gjorde du det.
3 Med di hand ¬dreiv du folkeslag ut,
men våre fedrar planta du;
dei andre folka knuste du,
men våre fedrar ¬fekk breia seg fritt.
4 For dei tok ikkje landet ¬med sverd,
deira arm gav dei ikkje siger.
Det var du som hjelpte dei
med di høgre hand og din arm
og med ljoset frå ditt åsyn;
for du hadde dei kjær.
5 Einast du er min konge ¬og Gud,
som byd at Jakob skal bergast.
6 Med di hjelp har vi støytt
våre fiendar til jorda,
i ditt namn har vi trakka
våre motstandarar ned.
7 For eg sette ikkje mi lit ¬til bogen,
det var ikkje sverdet ¬som berga meg.
8 Nei, du har frelst oss ¬frå våre fiendar,
dei som hata oss, ¬gjorde du til skammar.
9 Av Gud har vi alltid rosa oss,
vi prisar ditt namn ¬til evig tid.Sela
10 Likevel støytte du oss bort ¬med skam,
du drog ikkje ut ¬med våre hærar.
11 Du lét oss vika for fienden;
dei som hata oss, ¬reiv til seg hærfang.
12 Du har gjeve oss over ¬som slaktefe
og spreitt oss ¬mellom folkeslaga.
13 Du har selt ditt folk ¬til spottpris,
du tok ikkje stor betaling ¬for det.
14 Du gjer oss til hån ¬for våre grannefolk,
til spott og spe ¬for dei som bur ikring oss.
15 Du gjer oss til eit ordtak ¬mellom folka,
lèt folkeslag ¬rista på hovudet åt oss.
16 Mi vanære har eg ¬alltid for auga,
mitt andlet raudnar av skam,
17 når eg høyrer dei ¬som hånar og spottar,
når eg ser min fiende ¬som vil ha hemn.
18 Alt dette har kome over oss,
endå vi ikkje har gløymt deg
og ikkje har svike di pakt.
19 Vårt hjarta har ikkje vike ¬frå deg,
våre steg har ikkje bøygt av ¬frå din veg.
20 Likevel har du støytt oss bort
til den staden ¬der sjakalar held til,
og løynt oss ¬i djupaste mørkret.
21 Hadde vi gløymt å tilbe ¬vår Gud
og lyft våre hender ¬til ein framand gud,
22 då ville vel Gud ha merka det,
han som kjenner ¬hjartans løynde tankar.
23 Men for di skuld
vert vi drepne dagen lang,
vi vert rekna som slaktesauer.
24 Vakna! Kvifor søv du, Herre?
Vakna, støyt oss ikkje bort ¬for alltid!
25 Kvifor løyner du ditt andlet,
kvifor gløymer du ¬vår naud og trengsle?
26 Vår sjel er bøygd i støvet,
vår kropp ligg trykt til jorda.
27 Reis deg og hjelp oss,
fri oss ut ¬for din truskap skuld!