Til bryllaupet åt kongen
1 Til korleiaren. Etter «Liljene».
Av Korah-songarane. Ein læresalme.
Ein song om kjærleik.
2 Mitt hjarta strøymer over ¬av gode ord,
eg vil kveda min song ¬for kongen.
Mi tunge er som ¬ein snøggskrivars griffel.
3 Du er den fagraste ¬av menneske,
milde ord har du på lippa.
Difor har Gud velsigna deg ¬for alltid.
4 Spenn sverdet om livet, ¬du veldige kjempe,
i di høgd og din herlegdom!
5 Ha lukka med deg!
Dra ut til strid
for sanning, mildskap ¬og rett!
Di høgre hand skal visa deg
skræmande storverk.
6 Dine piler er kvasse
– folk stuper for deg;
dei råkar kongens fiendar ¬i hjarta.
7 Din kongsstol, Gud,
står til evig tid,
rettferds stav er din kongsstav.
8 Du elska rettferd og hata urett.
Difor har Gud, din Gud,
salva deg med fagnads olje ¬framfor dine frendar.
9 Av myrra, aloë og kassia
angar heile ditt skrud.
Du gleder deg over strengespel
frå elfenbeinsprydde haller.
10 Mellom dine edle damer
er det kongsdøtrer,
og ved di høgre side
står dronninga i Ofir-gull.
11 Høyr, dotter, sjå hit ¬og vend øyra til!
Gløym ditt folk og di farsætt,
12 så vil kongen gleda seg ¬over din venleik!
For han er din herre, ¬han skal du hylla.
13 Frå Tyrus kjem dei med gåver,
dei rike i folket ¬søkjer din velvilje.
14 I all sin prydnad ¬stig kongsdottera inn,
hennar kjole ¬er gjennomvoven med gull.
15 I sin fargerike bunad ¬vert ho leidd til kongen.
Etter henne fylgjer unge jenter,
hennar veninner, ¬som vert førte fram for deg.
16 Medan folket ropar ¬av fryd og glede,
går dei inn i kongens slott.
17 Dine søner skal koma ¬i staden for fedrane;
set dei til hovdingar ¬kringom i landet!
18 Frå ætt til ætt ¬vil eg prisa ditt namn;
difor skal folka ¬lova deg evig og alltid.