Vår Gud han er så fast ei borg
1 Til korleiaren. Av Korah-songarane.
Etter Alamot. Ein song.
2 Gud er vår tilflukt ¬og vår styrke,
han har hjelpt oss ¬i alle trengsler.
3 Difor reddast vi ikkje ¬om jorda skjek,
om fjella ragar i havsens djup,
4 om bylgjene bryt og brusar,
og fjella skjelv ¬i opprørt hav.Sela
5 Ei elv med fleire greiner ¬skaper glede i Guds by,
der Den Høgste ¬har sin heilage bustad.
6 Han kan ikkje rikkast, ¬for Gud er der.
Gud hjelper han ¬når morgonen renn.
7 Folkeslag brusa, rike vart rikka,
røysta hans ljoma, ¬og jorda skalv.
8 Herren, Allhærs Gud, ¬er med oss,
Jakobs Gud ¬er vår faste borg.Sela
9 Kom og sjå ¬kva Herren har gjort,
han som gjer skræmande ting ¬på jorda!
10 Han gjer ende på krig ¬over heile jorda,
bryt bogane sund, ¬høgg spyda av
og set eld på vognene.
11 Hald opp ¬og skjøn at eg er Gud!
Eg er opphøgd over folkeslaga,
opphøgd på jorda.
12 Herren, Allhærs Gud, ¬er med oss,
Jakobs Gud ¬er vår faste borg.Sela