Salmane 47

Gud er konge over all jorda

1 Til korleiaren. Av Korah-songarane.

Ein salme.

2 Klapp i hendene, alle folk,

hyll no Gud med jubelrop!

3 For ageleg er Herren, ¬Den Høgste,

den store kongen over all jorda.

4 Han la folkeslag under oss,

folkeætter under våre føter.

5 Han valde eit land ¬som han gav oss i arv,

ein stolt arv for Jakob, ¬som han elskar.Sela

6 Gud drog opp ¬medan jubelrop ljoma,

Herren kom ¬medan horna klang.

7 Syng for Gud, ja, syng og spel,

syng og spel for vår konge!

8 For Gud er konge ¬over all jorda.

Syng ein lovsong for han!

9 Gud er konge over folka,

han sit på sin ¬heilage kongsstol.

10 Fyrstane over folka ¬skal samlast

med folket åt Abrahams Gud.

For skjoldane på jorda ¬er i Guds makt.

Høgt er han opphøgd.