Menneskeleg herlegdom forgår
1 Til korleiaren. Av Korah-songarane.
Ein salme.
2 Høyr dette, alle folkeslag,
lyd etter, ¬alle de som bur i verda,
3 både høg og låg, rik og fattig!
4 Min munn skal tala vise ord,
vituge er mine tankar.
5 Eg bøyer mitt øyra ¬til visdomsord
og løyser mi gåte ¬til tonar frå lyra.
6 Kvi skal eg ottast i vonde dagar
når eg på alle kantar
møter svikarars vondskap?
7 Dei set si lit til sitt gods
og briskar seg ¬av sin store rikdom.
8 Ingen kan løysa ut sin bror
og gje Gud løysepengar ¬for han,
9 – det vart for dyrt ¬å kjøpa han fri,
det må gjevast opp for alltid –
10 så han kunne leva evig
og aldri gå i grav.
11 Nei, han ser ¬at jamvel vismenn må døy,
dårar og dumme ¬går alle til grunne
og etterlèt sitt gods til andre.
12 Grava vert deira heim ¬for evig,
deira bustad frå ætt til ætt,
endå dei samla seg ¬åker og eng.
13 Med all sin herlegdom
kan mennesket ikkje ¬leva for alltid;
liksom dyra må det døy.
14 Så går det med dei ¬som lit på seg sjølve,
det vert slutten for alle
som er nøgde ¬med sine eigne ord.Sela
15 Som ein saueflokk ¬fer dei til dødsriket,
døden er deira hyrding.
Dei ærlege skal rå over dei
når morgonen renn.
Deira skapnad ¬går i oppløysing,
i dødsriket skal dei ha ¬sin bustad.
16 Men Gud vil fria meg ut
or helheims vald,
for han vil ta meg til seg.Sela
17 Ver ikkje redd ¬om ein mann vert rik,
om velstanden aukar ¬i hans hus!
18 For når han døyr, ¬får han ingenting med,
rikdomen fylgjer han ikkje ¬i grava.
19 Han kan prisa seg lukkeleg ¬her i livet:
«Folk rosar deg, ¬for du gjer det godt.»
20 Likevel går han til sine fedrar
og får aldri meir sjå ljoset.
21 Med all sin herlegdom
skjønar mennesket ingen ting;
liksom dyra må det døy.