Kast di bør på Herren!
1 Til korleiaren. Med strengespel.
Ein læresalme av David.
2 Høyr mi bøn, Gud,
løyn deg ikkje ¬når eg tryglar og bed.
3 Akta på meg og gjev meg svar!
Eg får ikkje ro for mi sut.
Eg er heilt ifrå meg
4 når fienden ropar,
og dei gudlause ¬trykkjer meg ned.
For dei velter vondskap ¬over meg,
rasande går dei laus på meg.
5 Mitt hjarta skjelv i barmen,
dødsangst kjem over meg.
6 Otte og age fyller meg,
og heile kroppen skjelv.
7 Eg tenkte: ¬Hadde eg venger som dua,
då flaug eg bort ¬og fann meg ein bustad.
8 Langt av garde ville eg røma
og halda til i øydemarka.Sela
9 Eg ville skunda meg i livd
for storm og rykande uver.
10 Skap redsle og rådløyse, Herre,
og kløyv deira tunger!
For eg ser berre vald ¬og strid i byen.
11 Dag og natt går dei ikring han
oppå murane.
Vondskap og urett rår i byen,
12 han er full av rotenskap.
Frå torget der ¬vik ikkje vald og svik.
13 Det er ikkje ein fiende ¬som spottar meg
– det kunne eg nok tola,
ingen uven ¬som audmykjer meg
– då ville eg gøyma meg ¬for han.
14 Nei, det er du, min likemann,
min gode ven og kjenning,
15 – vi som hadde det godt i lag
og gjekk i festtog til Guds hus.
16 Lat døden koma over dei,
lat dei levande fara ¬til dødsriket!
For vondskap har dei ¬i heim og hug.
17 Men eg vil ropa til Gud,
og Herren skal frelsa meg.
18 Både kveld og morgon ¬og midt på dagen
må eg klaga og sukka.
Han vil høyra når eg ropar,
19 fria meg frå striden ¬og gje meg fred,
endå mange går imot meg.
20 Gud skal høyra meg ¬og audmykja dei,
han som frå eldgamal tid ¬sit på trona.Sela
For dei snur ikkje om
og har ikkje age for Gud.
21 Fienden legg hand ¬på sine vener,
skamlaust bryt han si pakt.
22 Hans tale er sleipare enn smør,
men i hjarta ¬tenkjer han på strid.
Hans ord er mildare enn olje,
likevel er dei ¬som dregne sverd.
23 Kast di bør på Herren,
han vil syta for deg!
Aldri i æve skal han
la den rettferdige rikkast.
24 Men du, Gud,
støyt drapsmenn og svikarar
ned i den djupe grav,
så dei berre får helvta ¬av sine dagar.
Men eg set mi lit til deg.