Salmane 56

Kva kan menneske gjera meg?

1 Til korleiaren. Etter «Dua i terebintene langt borte». Ein miktam av David, då filistarane greip han i Gat.

2 Ver meg nådig, Gud!

Folk vil meg til livs,

stridsmenn trengjer meg ¬heile dagen.

3 Stendig høgg mine fiendar ¬etter meg,

mange strider mot meg ¬i hovmod.

4 Når eg er redd, ¬vil eg lita på deg,

5 med Guds hjelp ¬skal eg prisa hans ord.

Eg har tillit til Gud ¬og er ikkje redd.

Kva kan vel menneske ¬gjera meg?

6 Dagen lang vil dei ¬skada mi sak,

dei tenkjer på ¬å gjera meg vondt.

7 Dei slår seg saman ¬og lurer på meg,

ja, dei vaktar mine steg,

for dei ynskjer å ta mitt liv.

8 Men dei slepp ikkje unna, ¬for dei er vonde.

Støyt folkeslag ned ¬i din vreide, Gud!

9 Du har skrive opp

korleis eg flakka ikring;

mine tårer har du samla ¬i di flaske.

Står det ikkje i di bok?

10 Så skal mine fiendar ¬dra seg tilbake

den dagen eg ropar.

Det veit eg, at Gud er ¬med meg.

11 Med Guds hjelp ¬skal eg prisa hans ord,

ja, ved Herren prisar eg ordet.

12 Eg lit på Gud og er ikkje redd.

Kva kan vel menneske ¬gjera meg?

13 Eg må gjera ¬det eg har lova deg, Gud,

eg vil koma til deg ¬med takkoffer.

14 For du har berga mitt liv ¬frå døden

og fria min fot frå å snåva.

Så kan eg ferdast for Guds åsyn ¬i livsens ljos.