Fri meg, Gud, ¬frå mine fiendar!
1 Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam av David, då Saul sende folk som skulle vakta på huset og freista drepa han.
2 Fri meg, Gud, ¬frå mine fiendar,
vern meg mot dei ¬som reiser seg mot meg!
3 Fri meg frå folk ¬som fer med vondskap,
og frels meg frå drapsmenn!
4 For sjå, dei ligg og lurer ¬på meg,
sterke menn går til strid ¬imot meg.
Utan at eg har forbrote meg, ¬Herre,
5 utan at eg har synd ¬eller skuld,
stormar dei fram ¬og fylkar seg til strid.
Vakna, kom til meg og sjå!
6 Herre, Allhærs Gud,
du er då Israels Gud.
Vakna og krev ¬alle folk til rekneskap,
ver ikkje nådig ¬mot trulause nidingar!Sela
7 Dei kjem att kvar kveld;
dei hyler som hundar
og fer ikring i byen.
8 Høyr, kor dei brukar munn,
lippene deira er som sverd.
Er det nokon som høyrer?
9 Men du, Herre, ler åt dei,
du spottar alle folkeslag.
10 Eg vil akta på deg, ¬min styrke;
Gud er mi faste borg.
11 Min Gud møter meg ¬med si miskunn,
han lèt meg sjå ¬at mine fiendar fell.
12 Drep dei ikkje,
så mitt folk ikkje gløymer det!
Bruk makt, ¬så dei må flakka ikring,
og støyt dei ned, Herre, ¬du vårt skjold!
13 Kvart ord dei tek i sin munn, ¬er synd.
Lat dei fangast ¬i sitt eige hovmod
fordi dei fer ¬med forbanning og lygn.
14 Gjer ende på dei i din harme,
gjer ende på dei, ¬så dei vert til inkjes.
Då skal folket skjøna
at det er Gud som rår i Jakob,
ja, radt til heimsens ende.Sela
15 Dei kjem att kvar kveld;
dei hyler som hundar
og fer ikring i byen.
16 Dei flakkar om, vil finna mat,
og knurrar ¬når dei ikkje vert mette.
17 Men eg vil syngja om di makt
og jubla kvar morgon ¬over din truskap.
For meg har du vorte ei borg,
ei tilflukt den dag eg er i naud.
18 Eg vil syngja for deg, ¬min styrke;
for Gud er mi faste borg,
min Gud som viser miskunn.