Har Gud vraka Israel?
1 Til korleiaren. Etter «Vitnemåls-lilja». Ein miktam. Til lærdom. Av David,
2 då han låg i strid med aramearane frå Mesopotamia og aramearane frå Soba, og Joab kom att og slo tolv tusen edomittar i Saltdalen.
3 Du har støytt oss bort, Gud, ¬og slege oss.
Du var harm, ¬men reis oss opp att!
4 Du lét landet skjelva og rivna.
Bøt no brestene! ¬Det står for fall.
5 Du lét folket ditt lida hardt,
og gav oss ein vin så vi tumla.
6 Men for dei som ottast deg,
har du reist ei fane;
dit kan dei røma for bogen.Sela
7 Hjelp oss med di høgre hand,
svar oss, ¬så dine kjære vert berga.
8 Gud har tala i sin heilagdom:
«Med jubel ¬vil eg skifta ut Sikem
og mæla opp Sukkot-dalen.
9 Meg høyrer Gilead ¬og Manasse til,
Efraim er hjelmen ¬på mitt hovud,
og Juda er min styrarstav.
10 Men Moab er mitt vaskefat,
på Edom kastar eg min sko.
Eg triumferer ¬over Filistarlandet.»
11 Kven fører meg ¬til festningsbyen,
kven leier meg til Edom?
12 Er det ikkje du, Gud, ¬som vraka oss
og ikkje drog ut ¬med våre hærar?
13 Gjev oss hjelp mot fienden!
Hjelp frå menneske ¬duger ikkje.
14 Med Guds hjelp ¬skal vi gjera storverk.
Han skal trakka ¬våre fiendar ned.