Gud har gjesta jorda
1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.
Ein song.
2 Gud, det er rett
at vi lovsyng deg på Sion
og held våre lovnader til deg,
3 du som høyrer bøner.
Alle menneske kjem til deg
4 med si syndeskuld.
Når våre synder ¬vert for tunge for oss,
då slettar du dei ut.
5 Sæl er den som du vel ut,
så han får koma nær til deg
og bu i dine tempelgardar.
Vi mettar oss ¬med det gode i ditt hus,
med det heilage i ditt tempel.
6 Du bønhøyrer oss i rettferd
med underfulle gjerningar,
du Gud som er vår frelsar,
ei livd for alle land på jord,
ja, for havsens fjerne strender.
7 Du reiste fjella med di kraft,
batt styrkebeltet om deg.
8 Du døyvde opprørt hav,
du stilte bylgjene, ¬ståket av folkeslag,
9 så dei som bur ¬ved verdsens endar,
laut reddast ved dine teikn.
Du skapte jubel frå aust til vest.
10 Du har gjesta jorda ¬og gjeve henne regn,
du har gjort henne ovende rik.
Guds bekk er full av vatn;
du syter for at kornet veks.
Såleis legg du alt til rettes:
11 Du vatnar fòrene, ¬jamnar veltene
og bløyter opp jorda med regn;
du signar hennar grøde.
12 Du kronar året ¬med gode gåver,
det spirer og gror ¬i dine hjulspor,
13 det spirer ¬på dei aude beitemarker,
kring haugane er det jubel.
14 Markene er kledde med sauer
og dalane sveipte i korn.
Det lyder glederop og song.