Stig opp til dei gamle ruinar!
1 Ein læresalme av Asaf.
Gud, kvifor har du støytt oss ¬bort for alltid?
Kvifor ryk din vreide ¬mot den hjord du gjæter?
2 Kom i hug det folk
du vann deg i gamal tid,
di eiga ætt som du fria ut.
Tenk på Sion-fjellet, ¬der du har din bustad.
3 Stig opp til dei gamle ruinar!
I heilagdomen ¬har fienden øydelagt alt.
4 I huset der folket ditt samlast,
lydde brølet ¬frå dine motstandarar;
der sette dei sine faner ¬som sigersteikn.
5 Det var eit syn
som når ein lyfter ¬øksar i tjukke skogen.
6 Så slo dei sund ¬all treskurden der
med bile og brekkjern.
7 Dei sette eld på din heilagdom,
heilt til grunnen vanhelga dei
staden der ditt namn bur.
8 Dei tenkte: ¬«Vi gjer dei alle til trælar!»
Kvart gudshus i landet ¬brende dei.
9 Vi ser ikkje våre eigne faner.
Det finst ikkje lenger ¬nokon profet,
og det finst ingen hjå oss ¬som veit
kor lenge dette skal vara.
10 Kor lenge, Gud, ¬skal dei driva sin spott,
dei som står deg imot?
Skal fienden for alltid
få vanvørda ditt namn?
11 Kvifor held du handa di att?
Ta di høgre hand frå barmen,
og gjer slutt på dette!
12 Men du, Gud, ¬er min konge frå gamal tid,
du som gjer frelsesverk ¬på jorda.
13 Du kløyvde havet i ditt velde
og krasa hovuda Œt drakane i vatnet.
14 Du slo sund hovuda Œt Leviatan
og gav dei til føde ¬for dyra i øydemarka.
15 Kjelde og bekk ¬lét du strøyma fram,
du turka ut elvar ¬som alltid har vatn.
16 Din er dagen, og di er natta;
du sette sol og måne ¬på plass.
17 Du fastsette alle grenser ¬på jorda,
sommar og vinter ¬er det du som har skapt.
18 Herre, kom dette i hug
når fienden driv sin spott,
og eit folk av dårar ¬vanvørder ditt namn.
19 Gjev ikkje di turteldue ¬til villdyr,
gløym aldri dine armingars liv!
20 Kom i hug di pakt med oss!
For kvar avkrok i landet ¬er full av valdsferd.
21 Lat ikkje dei trælka ¬gå bort med skam,
lat dei arme og fattige ¬prisa ditt namn!
22 Reis deg, Gud, og før di sak!
Kom i hug at du dagen lang ¬vert spotta av dårar!
23 Gløym ikkje ropet ¬åt dine fiendar,
ståket som alltid stig opp
frå dei som står deg imot.