Det er Gud som dømer
1 Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!»
Ein Asaf-salme. Ein song.
2 Gud, vi prisar og takkar deg.
Ditt namn er nær hjå dei
som fortel om dine under.
3 «På den tid eg har fastsett,
skal eg halda rettferdig dom.
4 Jorda og alle som bur der, ¬kan rikkast,
men eg har gjort ¬hennar søyler faste.»Sela
5 Eg sa til dårane: ¬«Ver ikkje dumme!»
og til dei gudlause: ¬«Ver ikkje stolte!
6 Briska dykk ikkje ¬av dykkar makt,
gjer ikkje nakken bratt ¬og talen frekk!»
7 For det kjem inga oppreising ¬frå aust eller vest
og heller ikkje frå øydemarka.
8 Nei, det er Gud som dømer.
Éin bøyer han ned, ¬og éin reiser han opp.
9 Herren har eit staup i si hand
med skummande, krydda vin.
Han skjenkjer i av vinen,
og alle vonde på jorda ¬må drikka,
jamvel botnfallet må dei tøma.
10 Men eg vil alltid fortelja ¬om dette
og spela og syngja ¬for Jakobs Gud.
11 «Eg tek makta ¬frå alle dei gudlause,
men dei rettferdige ¬skal få stor kraft.»