Salmane 77

Eg tenkjer på gamle dagar

1 Til korleiaren. Etter Jedutun.

Ein Asaf-salme.

2 Eg ropar til Gud,

ja, eg ropar til Gud, ¬og han høyrer meg.

3 Den dagen eg er i naud, ¬søkjer eg Herren.

Om natta retter eg ut mi hand,

og ho trøytnar ikkje.

Mi sjel lèt seg ikkje trøysta.

4 Eg tenkjer på Gud og sukkar;

eg gruvlar ¬og kjenner meg kraftlaus.Sela

5 Heile natta held du meg vaken;

eg er så uroleg, ¬eg kan ikkje tala.

6 Eg tenkjer på gamle dagar

og minnest framfarne år.

7 Om natta strevar eg ¬med tankar,

eg gruvlar, mi ånd granskar.

8 Vil Herren støyta oss bort ¬for alltid

og aldri visa sin godvilje meir?

9 Er hans truskap for evig slutt,

har ordet hans stilna ¬for alle ætter?

10 Kan Gud ha gløymt ¬å vera nådig,

er han vreid ¬og held att si miskunn?Sela

11 Eg seier: «Det piner meg

at Den Høgste har drege til seg ¬si hand.

12 Eg minnest Herrens ¬gjerningar,

minnest dei under ¬du gjorde før.

13 Eg tenkjer på kvar dåd ¬du gjorde,

og grundar på dine storverk.

14 Gud, i heilagdom går du fram.

Kvar er ein gud ¬så stor som Herren?

15 Du er den Gud som gjer under,

mellom folka har du synt ¬di kraft.

16 Med velde løyste du ut ¬ditt folk,

sønene åt Jakob og Josef.Sela

17 Vatnet såg deg, Gud;

vatnet såg deg og skalv,

ja, havdjupet skalv av redsle.

18 Regnet strøymde frå skyene,

tora dunde ¬frå skykledd himmel,

og lyna fór av stad som piler.

19 Du lét tora rulla som vognhjul,

lyna lyste opp jordkrinsen;

jorda riste og skalv.

20 Din veg ¬gjekk midt gjennom sjøen,

din stig gjennom veldig vatn;

men ingen kjende dine fotspor.

21 Du førte ditt folk som ei hjord

ved handa åt Moses og Aron.