Bøn om utfriing for Israel
1 Ein Asaf-salme.
Framande folk har trengt seg inn
i ditt arveland, Gud.
Dei har gjort ¬ditt heilage tempel ureint
og lagt Jerusalem i røys.
2 Dei har gjeve lika ¬av dine tenarar
til føde for fuglane ¬under himmelen,
og kjøtet av dine trugne
til villdyra på marka.
3 Dei har rent ut deira blod ¬som vatn
rundt ikring Jerusalem,
og det er ingen ¬som gravlegg dei.
4 Vi har vorte til hån ¬for grannane våre,
til spott og spe ¬for folka ikring oss.
5 Kor lenge, Herre?
Vil du vera harm for alltid?
Kor lenge skal din iver ¬brenna som eld?
6 Renn din vreide ut ¬over framande folk,
som ikkje kjenner deg,
renn han ut over kongerike,
der ingen kallar på ditt namn.
7 For dei har gjort ende på Jakob
og lagt hans bustad i øyde.
8 Tilrekna oss ikkje dei synder
som våre fedrar gjorde.
Skunda deg og møt oss ¬med di miskunn!
For no er det ille med oss!
9 Hjelp oss, Gud,
du som er vår frelsar,
så ditt namn kan verta æra.
Fri oss ut for ditt namn skuld,
og tilgjev våre synder!
10 Kvifor skal folka seia:
«Kvar er deira Gud?»
Gjer det kjent mellom folka,
og lat oss få sjå at du tek hemn
for det utrende blodet ¬av dine tenarar.
11 Høyr korleis fangane sukkar!
Løys med din veldige arm
dei som er vigde til døden!
12 Lat våre grannar ¬få sju gonger att
fordi dei har spotta deg, Herre.
13 Men vi, ditt folk, ¬den hjord du gjæter,
vil lovsyngja deg til evig tid,
forkynna din pris ¬frå ætt til ætt.